Våren 2018 på Håjen

Vi går ei nydeleg årstid i møte, og Håjen har mykje fint å by på. Framover blir det temakveldar, morsdagsfeiring, søndagskafe og påskerestaurant. Vi tilbyr også matlevering eller selskapslokale for vårens store hending.

Vinsmaking og tapas

27. januar blir det vinkurs på Håjen. Denne kvelden tar vinkelnar Håvard Flatland oss med til Italia. Medan du får smake på fem utvalde vinar, formidlar han kva de får servert. Etter vinkurs blir det mat: Italienskinspirert tapasbuffe med kalde og varme smårettar, salatar, ost, kjøtt, fisk og ferskt brød. Til dessert blir det fløyelsmjuk og fyldig panacotta med bær til. Heilaften med mykje godt for ganen. Billettar på kjøper du på Ticketco. (Obs, her fyller det seg fort opp!).

Urtekurs og deilig kveldsmat

Torsdag 15. mars kl. 18 – 21 blir det urtekurs med Bjørg Devik Aurlien frå Høgt og vilt. Ho dyrkar, haustar, tørkar og reinsar urter og ville vekstar, og lagar urtete av beste sort – heilt økologisk. Vi avsluttar kvelden med kveldsmat, te og litt søtt. Merk deg datoen og sett av tid til ein hyggeleg kveld i vintermørket!

Morsdag og fastelavn 

Søndag 11. februar gjer vi stas på mor! Vi byr på koldtbord, varmrettar og dessert, og har ope frå kl. 14.00 – 18.00. Perfekt morsdagsgåve – ta ho med på restaurant! Hugs å reservere bord!

Søndagskafe

18. mars har vi open søndagskafe kl. 14.00 – 18.00, med varierte varmrettar på menyen. Nyt heimelaga mat basert på lokale råvarer med fjordutsikt og senke-skuldrane-garanti. Perfekt søndagsutflukt langs Førdefjorden!

Påskerestaurant

Palmesøndag og alle heilagdagane i påska serverer vi påskebuffe med koldtbord, varmrettar og dagens dessert. Vi har også dagnes middag. Rundt påsketider er det nydelege forhold på Håjen når våren er i anmarsj. Kombiner gjerne restaurantbesøk med fjelltur i nærområdet.

Selskapslokale og matlevering

Konfirmant, jubilant eller bryllaup? Vi tilbyr selskapslokale med nydeleg utsikt, og legg vår ære i at maten skal bli eit av høgdepunkta. Vi tilbyr også matlevering. Be om meny!

Beste helsing frå Else, Helga & Ludvik.