På Håjen blir samlinga meir enn eit møte
La omgjevnadane inspirere til nytenking, kreativitet og gode avgjersler. Rusle deg ein tur i tunet i pausen, kvil auga på fjorden eller ta ein kaffikopp på terrassen. Vi syter for at maten blir eit høgdepunkt og at alt ligg til rette for ein produktiv dag.
Varme og kalde rettar
Vi serverer både varme og kalde lunsjar, laga med områdets beste råvarer. Vel mellom blant anna:
- Påsmurde urterundstykke
- Kald lunsjtallerken med røykelaks, spekemat, eggerøre, potetsalat, salat og nybaka brød
- Betasuppe med urtebagett
- Biffsnadder med lam eller hjort med salat, rømmedressing og steikte poteter
Heildagsopplegg
Om du ønsker eit skreddarsydd heildagsopplegg, kjem vi gjerne med forslag til aktivitetar. Kva med ein fjelltur i nærområdet, eller lunsj ved fjorden? Konkurransar i tunet, eller hygge rundt bålet? Om du vil, smørjer vi matpakkar til følgjet ditt, eller lagar lunsjen på bålpanna? Vi får til det meste.