Lokale smakar i gamleløa
Den gamle løa på Håjen er gjort om til restaurant og byr på eit rustikt miljø med innslag av fortida. Grindverket og den gamle grunnmuren er ivarettatt og skapar ramma for god, gammaldags gardsstemning i lune lokale. Her har vi ope i sesong og ved arrangement.
Vi vil at du skal senke skuldrane når du går inn på Håjen og kjenner lukta av heimelaga mat. Med utsikt mot fjorden, bratte bøar og kvitkledde fjelltoppar, er det lett å finne noko å kvile auga på. Maten vi serverer er basert på lokale råvarer og laga med omtanke. Ikkje bli overraska om grønsakene på tallerkenen er hausta frå hagen same dagen, eller om hjorten har levd sine glade dagar i skogen bak Håjen. Lammekjøtet er foredla på gamlemåten på garden, og desserten er med sesongens bær.
Menyen er variert, og ofte serverer vi våre populære raspekaker med salta lammekjøt, Håjen pølser, rotstappe og steikt flesk. Hjorteburgaren vår er etterspurt, og kjem på valnøttbrød med salat, steikt sopp og løk, urtekrydra potetbåtar, rømmedressing og rabarbrachutney.
Vi har open gardsrestaurant søndagar i sesong: sommar, haust, jul og påske og ved arrangement.