Ekte handverk med lokale smakar
Bak god mat ligg det god tid. Når vi brukar tida vår på å sanke bær, dyrke grønsaker eller handle kjøt frå den lokale jegeren, er det alltid med mål om at du skal få ei fin matoppleving. Vi på Håjen trur at gode råvarer og eit solid handverk er vegen til gode smakar og ei fin stund rundt matbordet. Historia bak måltidet fortel vi gjerne, for når vi veit kor maten kjem frå, smakar det alltid litt betre.
Garden Slettehaug
Slettehaug gard ligg i grenda Frammarsvik ved Førdefjorden, seks kilometer vest for Naustdal. På Slettehaug har det budd folk sidan 1600-talet, med gardsdrift og lange tradisjonar for mat og bakst. Det er framleis sauedrift på garden, og kjøtet foredlar vi på gamlemåten for å sikre den gode smaken. Baksten er flytta frå eldhuset til vårt vesle bakeri, men også her er smaken og handverket bevart.
Håjen
Håjen Kafé opna i 2000. Då vart den gamle løa på garden ombygd til restaurant og bakeri for å tilby gjestane matopplevingar i ei vakker ramme. Grindverket er bevart i interiøret, og saman med store vindauge mot bratte bøar, Førdefjorden og mektige fjell, er atmosfæren satt. Delar av lokalet rommar i dag Luftkampmuseet, for å fortelje historia om luftslaget over Førdefjorden under 2. verdskrig.
Håjen er ei familiebedrift, og har tre faste tilsette; Else, Helga og Ludvik. Tradisjonsmat står framleis sterkt, men også nykomponerte rettar står på menyen. Garden og området rundt blir flittig brukt for å dyrke og sanke råvarer, og det vi ikkje produserer sjølv, handlar vi av lokale leverandørar eller andre småskalaprodusentar. Det sikrar at maten alltid er av god kvalitet.
Alltid velkommen til gards
Om du ønsker å senke skuldrane og nyte mat med kjærleik i rolege omgjevnader, skal du ta turen til Håjen. Om fjorden ligg stille i solskin eller bølgene piskar i vinden, fjelltoppane er kvite eller tåkedekte, er det alltid godt å kvile auga på utsikta mens du nyt eit godt måltid. Hjarteleg velkommen til Håjen.