Feiring med ei vakker ramme
Om du ønsker ei vakker ramme rundt selskapet ditt, er du hjarteleg velkommen til å feire på Håjen. Med snøkledde toppar, irrgrøne bøar og fjorden som blenkjar i kulissane, er stemninga sett for ein fin dag med familie og vener.
Vi legg omtanke i at maten skal bli eit høgdepunkt, og at alt skal ligge til rette på din spesielle dag. Vi skreddarsyr menyen etter ønske og brukar alltid dei beste råvarene for kvalitet og gode smakar. Kva med:
Raudvinsmarinert og urtekrydra Lammesteik servert med grønsaker, steikt sopp, omnssteikte potetbåtar og raudvinssaus? Eller Sosekjøt av hjort servert med ertestuing, grønsaker, potet og rørte tyttebær?
Saman planlegger vi festen, men når flagget er heisa, kan du senke skuldrane og nyte dagen på Håjen.