Håjen
  • Heim
  • Om oss
  • Aktuelt
  • Kontakt
  • Tenester
    • Bakeri
    • Restaurant
    • Selskap
    • Møtelokale
    • Levering
    • Eigne produkt
  • Opningstider
  • Menu Menu
Middag

Lunsj, Middag og Dessert – Sommaren 2021

5. juli 2021/i Aktuelt/av else

Sommaren 2021 kan vi by på lunsj, middag og dessert frå onsdag til lørdag. Restauranten har også søndagsopent med tradisjonell søndagsmiddag.

Onsdag til laurdag tilbyr vi lunsjrettar og dagens middag. Smørbrød, kald sommartallerken, salatar, ostefjøl, suppe og rømmegraut, for å nemne noko. Vi lagar iskrem og sorbet, kaker, lefser og potetkaker. Vi har også masse god kaffi , både varm og kald.

Iskrem Håjen
Iskrem og sorbet

Dagens middag vil variere. Det blir blant anna raspekaker med saltkjøt, pølse, rotstappe og stekt flesk kvar torsdag. Elles vil du kunne få krema fiskegryte, fiskegrateng, kjøttkaker, lasagne, chili con carne, hjorteburger og fårefrikassè.

Av dessert kan vi friste med rabarbrakompott med is, karamellpudding med krem, hermetiske plommer og håjen vaniljeis med friske bær.

Fredagar bakar vi brød og rundstykker, og lørdagar blir det nystekte vaniljesnurrar og kanelknutar.

Hos oss lagar vi maten frå grunnen av. Vi vektlegg å hente gode råvarer av høg kvalitet frå lokale produsentar som vi foredlar til spennande rettar med forankring i lokal matkultur.

Hos oss kan du også besøke Luftkampmuseet som ligg i same bygning. På museet får du innblikk i historia om den svarte fredagen. Den svarte fredagen refererer til luftslaget mellom tyske og allierte fly over Sunnfjord 9. februar 1945. Oppdraget var å senke ein tysk destroyer som låg i Førdefjorden. På Håjen kan du sjå gjenstandar frå flyvrak utstilt inne og ute, og ein dokumentarfilm laga av NRK Sogn og Fjordane blir vist på storskjerm.

Håjen ligg 6 km vest for Naustdal Sentrum. Frå lokala og terrassen har du fantastisk utsikt over Førdefjorden og du kan nyte lunsjen, middagen og desserten din med utsikt over Førdefjorden og Heilefjellet.

Opningstider – Sommar 2021

Onsdag til laurdag kl 13 til 17 Lunsj og dagens middag

Søndag kl 14 til 19 

Bord for søndagsmiddag bestiller du på epost hslettehaug@gmail.com eller tlf 57 81 82 60På

Tags: Førde, Kafe, Middag, Naustdal, Restuarant, Sunnfjord
Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med Pinterest
  • Del med LinkedIn
  • Del med Tumblr
  • Del med Vk
  • Del med Reddit
  • Del med epost
https://haajen.no/wp-content/uploads/2020/03/C2A7409-scaled.jpg 1707 2560 else https://haajen.no/wp-content/uploads/2017/10/Håjen-til-nettside-farge-1030x934.png else2021-07-05 21:04:582021-07-05 21:09:57Lunsj, Middag og Dessert – Sommaren 2021
Kanskje du også liker disse
Middag Palmesøndag 29. mars – Middag og dessert på Håjen
Håjen Kafe Julebuffe på Håjen Kafe søndag 4. desember
Middag Meny onsdag 14 juli til lørdag 17 Juli
Iskrem Håjen Sommar på Håjen
KarmellpuddingHåjen Kafe Langfredag 3. april – Middag og dessert på Håjen
Rømmegraut Meny Søndag 1. August
Middag på Håjen – Skjærtorsdag – 2. April 2025
Påskebuffe 1. og 2. påskedag
Search Search

Siste innlegg

  • Påskebuffe 1. og 2. påskedag
  • Langfredag 3. april – Middag og dessert på Håjen
  • Middag på Håjen – Skjærtorsdag – 2. April 2025
  • Palmesøndag 29. mars – Middag og dessert på Håjen
  • Påskeope kafe og gardsbutikk på Håjen 🌿🐣

Håjen

Slettehaug,
6817 Naustdal

(+47) 57 81 82 60
hslettehaug@gmail.com

© Kopirett - Håjen
Link to: Allergen – Varer frå Håjen Link to: Allergen – Varer frå Håjen Allergen – Varer frå Håjen Link to: Meny 7 – 9 Juli Link to: Meny 7 – 9 Juli Meny 7 – 9 Juli
Scroll to top Scroll to top Scroll to top